Psykolog Herdis Bergset

Privat praksis på Nordfjordeid

Psykolog med privat praksis

woman in green shirt smiling
Photo by Matty Cooper on Pexels.com

Eg er psykologspesialist med lang erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge, kommunalt helsearbeid, studenthelseteneste og rettleiing av psykologar i spesialisering. Du får time raskt, og det er ikkje naudsynt med tilvising frå lege eller psykolog.

Timesatsen er kr. 1100,- for 50 minutt.

Du kan søke meg opp på http://www.ledigpsykolog.no og registrere deg med navn, adresse, fødselsdato- og år, telefonnummer og epostadresse. Så kan du skrive nokre ord om kva du ynskjer hjelp med og booke deg ein time som passar i timeboka mi. Velg om du vil ha samtalen på kontoret mitt på Nordfjordeid, via skjerm eller på telefon.

OBS! Det er mange som trur at dersom ein skal få til endring gjennom terapi, så må ein bruke lang tid. Det stemmer av og til, men svært mange kan også få god hjelp på relativt kort tid.

Sjekk forsikringsavtalene dine! Mange forsikringsselskap tilbyr inntil ti timar psykologisk hjelp gratis som ein del av tilbodet sitt, dersom du har fleire forsikringar i same selskap. Dette er det mange som ikkje er klar over. Undersøk om det gjeld deg, så sparer du pengar.

Du betaler etter kvar time via VIPPS, eventuelt e-faktura.

Avlysing av timeavtale må gjerast minst 24 timar før. Avbestiller du seinare enn dette må du betale for timen.