Vi er mange som har opplevd at ein blir i betre humør av å gå ein tur. Om det er sjølve aktiviteten eller noko anna som har effekt er uvisst, men at du både blir oppkvikka og lysare til sinns er det mange som har erfart. Når ein byrjar å undersøke dette nærare, så ser det faktisk ut til at sjølve naturen har ein positiv, og til og med lækjande effekt på oss menneske. Det er interessant. Kva er det egentleg som skjer?

Mennesket oppstod på den afrikanske savanna for om lag 100 000 år sidan. Kroppen og hjernen vår er tilpassa eit liv mellom tre, bekkar, fjell, planter og dyr. Vi har ikkje hatt tid til å endre oss i takt med dei oppfinningane vi har gjort så langt, som bilen og datamaskina for eksempel, og i det heile teke slik vi lever våre moderne menneskeliv. Vi er skapte for å takle dei utfordringane som vi ville møtt i skogen og på fjellet. Vi skal reagere raskt når vi møter ein bjørn eller andre farer som krev handling. Da skil kroppen ut ulike hormon som hjelper oss til å handle med ein gong og berge livet. Du spring frå det farlege dyret, eller du greier å hoppe over den ville elva. Hormona får oss til å ta opp meir oksygen og aukar blodgjennomstrømminga i musklane. Vi får skjerpa sansar, og blir meir uthaldande samt får høgare smerteterskel. Kroppen og musklane blir teke i bruk, og slik blir stresshormona raskt brukt opp. Når faren er over kan vi hente oss inn att og kroppen kan slappe av. Nivået av stresshormon går ned, og vi kjenner oss rolege igjen.

I vårt moderne liv skil vi ut akkurat dei same stresshormona, men kroppen kan ikkje like lett takle utfordringar som ein veksande bunke med ubetalte reikningar, at sjefen vil du skal jobbe overtid igjen eller bekymringa om bilen går gjennom EU-kontrollen. Dermed lever vi med høge nivå av stresshormon i kroppen over lengre tid. Moderne stress og farar kan ikkje taklast med kamp eller flukt.

Dette er truleg grunnen til at mange opplever at den formen for stress vi blir utsette for i kvardagen gjer oss slitne. Vi er skapte for å veksle mellom aktivitet og kvile. Aktivering over tid kan gjere oss slappe men likevel søvnlause, vi blir stive i nakken og får vondt i ryggen eller vi får vanskar med fordøyelsen. Etter ei tid kan vi også få dårlegare konsentrasjon og hukommelse og bli irritable. Det er også funne samanhengar mellom langvarig stress og meir alvorlege sjukdomar som infeksjonar, hjerte-kar-lidingar, demens og hormonforstyrring av ulike slag.

Kva kan vi gjere? Når vi er i naturen blir vi rolegare. Det er målt at blodtrykket og pulsen går ned. Den amerikanske professoren Roger S. Ulrich (Science 1984) fann faktisk ut at nyopererte pasientar som hadde utsikt til eit grøntområde trengte mindre smertestillande medisin, kom seg raskare og vart fortare skrevne ut enn dei som berre såg ut på ein vegg. Kva er det som er magien i dette tru?

Forskarane meiner nå at vi har ein genetisk nedlagt tendens til å oppfatte grønne omgivnader som både vakre og beroligande. Om vi tenker på kvar vi kjem frå, så er det den afrikanske savanna som er utgangspunktet. Truleg oppfattar vi ubevisst åpne sletter med nokre buskar og tre, og gjerne med ein bekk i nærleiken, som trygt og godt. Lukta av grønne vekster og jord gjer oss også godt. Desse sanseinntrykka snakkar til den “gamle” delen av hjernen, og vi kjenner oss heime. Kroppen slappar av, og nivået av stresshormon synk. Andre stoff vi skil ut gjer oss glade og tilfredse.

Du forstår nå at det er godt for deg å ta deg ein tur ut! Berre det å sitte litt stille i hagen eller på ein stein kan gjere deg og kroppen din godt. Enda betre blir det om du orkar å rusle deg ein tur. Her i Sogn og Fjordane er vi veldig heldige som har så mykje fantastisk natur det er lett å nå.

Da vil eg ønske deg ein god dag – og ein god tur ut i det grønne!

 

Referansar: Eva Robild og Annika Christensen; “En lisa før sjelen” . Ica Bokforlag 2010. ISBN 978-91-534-3239-5