Skulen har starta igjen, og nå blir det fort kvardag i heimane etter ferien. I år har det vore ein fin sommar for uteaktivitetar, så det kan hende gutungen eller jentungen har vore mykje ute og i aktivitet i lag med kameratar og venninner dei to siste månadene? Uansett er det august nå, og det er slutt på både fridomen og det fine været….

Da blir det gjerne meir fristande å sette seg ved skjermen, på rommet, og spele data? Fortnite er den store farsotten alle snakkar om for tida. Mange foreldre er frustrerte og bekymra fordi det blir brukt så enormt mange timar på det. Er det skadeleg? Mange meiner det. Mange er også opptekne av avhengighetsfaktoren: når han spelar såååå mykje må det vel handle om avhengighet?

Før vi ukritisk godtek det som blir sagt og meint om at barn og ungdom spelar mykje, synest eg vi skal sjå litt nærare på fenomenet og kva som ligg bak.

Kva naturlege behov har eit barn? Ikkje berre barn, men alle treng desse tre tinga:

-å kjenne seg flink til noko (meistring)

-å vere fri til å velge sjølv (autonomi)

-å kjenne at ein høyrer til i lag med andre (fellesskap og samhørighet)

Om vi tek eit kritisk blikk på kvardagen til mange barn og unge, får dei dekt desse behova?

For å ta skulen først: mange opplever nok dessverre ikkje alltid meistring der. Det kan vere fleire grunnar til det, og årsaken treng ikkje ligge i manglande føresetnader hos barnet. Erfaringar og forventningar barnet har med seg, måten stoffet blir presentert på, relasjonen til lærarane og grad av motivasjon og konsentrasjon påverkar dette. Fridom til å velge er det heller ikkje mykje av på skulen. Der er du forventa å gjere det du får beskjed om. Å høyre til i fellesskapet kan nok mange oppleve, men den sosiale samhandlinga går kanskje føre seg litt utanfor rammene som ligg der? Småprat bakerst i klasserommet høver kanskje ikkje så godt med det læraren hadde tenkt. Andre kjenner seg utanfor og blir kanskje mobba.

Heime er det vel ofte slik at tida er knapp, og vaksne og barn skal rekke både trening, lekser og andre ting på dei få ledige timane etter skule og jobb. Tid til å gjere det du vil er det lite av. Barn er styrte av vaksne svært mykje av tida, og dei er ofte under kontinuerleg overvaking og kontroll. Å leike ute er det vel knapt nokon som gjer? Det å snekre olabil eller bygge hytte er ikkje noko kjelde til meistring lenger for dei aller fleste. Fellesskap finn du kanskje på fotballtreninga? Når det gjeld fellesskapskjensla i familien så kan det skorte litt på tid til å finne fram til den også. Arbeidsoppgåver som tidlegare måtte utførast av alle i familien i lag er erstatta av småstunder i bilen på veg til og frå noko, eller nokre få felles måltid i veka. Kanskje skal barnet bu ei veke med mamma og ei med pappa til og med.

Å spele online gir tilgang til venner heile døgnet. Der blir det samarbeidd, planlagt, organisert og småprata. Det er ingen vaksne som bestemmer. Det er uante muligheter for å lykkast, meistre, vinne! Ein får synlege bevis for seier, og rask feedback på alle handlingar ein gjer. Gleda over å nå til eit nytt nivå er stor! Gjerne mykje større enn gleda over å lære ei ny engelsk glose…

Men når skal vi bli bekymra da?

Det er klart at det å få desse normale, grunnleggande behova dekt gjennom læring, samhandling og fri utforsking i den verkelege verda er mykje meir verdfullt. Det å bli flink til noko som du faktisk kan utføre IRL som det heiter («In real life») er betre. Å vere i lag med venner som du kan sjå og ta på, og som du møter i ulike settingar over år er meir berikande og utviklande enn å treffe nokon på nettet. Likevel synest eg vi skal prøve å forstå at behovet for å spele heng saman med normale og naturlege behov. Vi treng ikkje fordømme det som «feil» eller «farleg» med ein gong. Om vi meiner at det blir spelt for mykje, slik at det går på bekostning av sosial kontakt og fysisk aktivitet, så kan vi kanskje ta nokre grep. Kva kan vi tilby barnet i staden? Kan vi først sette oss i lag med det og høre skikkeleg på kva det har opplevd på nettet – utan å fordømme? Kan vi ta oss tid til å sjå på kva som skjer på skjermen ein gong, og uttrykke kor imponerte vi blir over kor flink han er? Når barnet opplever at du er oppriktig interessert i opplevingane hans bygger du opp tillit og tilknytning. Det er hard valuta som du ikkje kan få for mykje av, og som de vil trenge gjennom ungdomstida.

Ofte er det tida vår vi må tilby. Dei aller fleste barn og ungdomar likar oss betre enn vi trur! Men dei treng at vi er hyggelege, vennlege og imøtekomande og interesserte i korleis barnet opplever verda. Det er vi som er vaksne som har ansvaret for å lage god stemning heime, og gjere det trygt for alle å delta i familiefellesskapet utan å kjenne at det stadig er noko som er feil med det dei gjer eller er. Da treng ikkje rommet bli til eit tilfluktsrom…

Det å vere avhengig er meir alvorleg, og det ser du først og fremst på om barnet ikkje greier å rive seg laus i det heile. Dersom alt handlar om spelinga, og det går ut over venner, fysisk aktivitet, skule og familietid er det ikkje sunt. Heldigvis skjer det ikkje så ofte som vi gjerne trur.

fortnite-bilde-til-blogg3