Vi er mange som kan kalle oss for skippertaksmenneske…. Å utsette det du må ha gjort til rett før det er for seint, og så ta eit skikkeleg krafttak, det er skippertaksmentalitet. Har eg ein frist som går ut om fire veker, så blir det fort at eg ventar til siste dagen med å gjere jobben. Merkelege greier.

Prokrastinering er eit anna ord for noko av det same. Det er eit merkeleg ord synest du kanskje, men det tyder rett og slett “utsetting som er ufornuftig eller irrasjonell”. Jo viktigare ting du utset, jo meir stressande og uheldig er det.

For studentar er det vanleg med fristar, og det å vente til rett før innlevering eller eksamen kan føre til at livet blir rimeleg fullt av stress og angst. Ein annan aktivitet som kan utsettast er å kjøpe julegaver. Plutseleg er julekvelden der, og krisa er eit faktum om du ikkje rakk det du skulle! Eksempla er mange, men kvifor i all verda driv vi slik?

Prokrastinering har ein liten samanheng med depresjon, har forskarane funne ut. Det kan vi jo forstå, at når nokon strever med lite energi, har vanskar med å konsenterere seg og i tillegg ikkje så lett ser meininga med ting, så er det fristande å utsetje kjedelege eller krevjande oppgåver. Men så er det jo slik da, at du kan bli meir deprimert av å utsetje også! Du klandrar deg sjølv, og føler deg mislykka. Det er også ein tendens til at dei som prokrastinerer mykje også trekker seg unna andre menneske og ulike slags utfordringar.  Da aukar jo sjansen for å IKKJE lykkast, eller for å IKKJE få dei gode tilbakemeldingane du verkeleg kunne trengt. Hmmm.

For å gå enda djupare i materien, vil eg føye til ein faktor her: sjølvkjensle!

Kva er skilnaden på sjølvkjensle og sjølvtillit igjen nå da? Jo, eg brukar å forklare det slik til dei eg snakkar med på jobb, og som nesten utan unntak manglar enten det eine eller det andre, eller begge deler:

Sjølvkjensle er å vite at eg er ein bra person, uavhengig av kva eg gjer, får til eller presterer. Uavhengig av om eg gjer feil eller taper også. Av og til ber eg folk som tviler veldig på sin eigen verdi om å tenke seg tanken at foreldra deira skulle få sjansen til å bytte dei ut med eit anna barn som hadde berre seksarar på skulen og var den søtaste og mest populære i klassa. Dei aller fleste veit inderleg godt at mamma og pappa aldri i verda ville bytte ut ungen sin, uansett kor “perfekt” vedkomande var.

Sjølvtillit er å vite at eg kan noko. At eg får til å skåre mål, greier å strikke ein genser, får folk til å le eller er ei god mor, for eksempel. Alle ferdigheter eg oppfattar som verdfulle, og som eg veit at eg har.

Eg tenker at når du prokastinerer så utset du dommen. Du gruar deg til at nokon skal seie at dette er for dårleg, eller at dette gjorde du ikkje bra nok. Du får strykkarakter! Forferdeleg!! Det er veldig ubehageleg å få negative tibakemeldingar, enten det er i form av mild kritikk eller kjeft, i form av ein F (stryk) på eksamen eller eit surt ansikt. Alle synest det er ubehageleg, og alle blir litt lei seg av det. Men her kjem det inn noko som skil oss i to grupper; det er dei som har god sjølvkjensle og dei som har dårleg.

Kvifor? Jo, det er veldig logisk om du tenker på det. Om du EGENTLEG trur at du ikkje er dugande som person, så går du jo berre og ventar på at du skal bli avslørt. At du skal få dommen, og at du må ta denne smertefulle “sanninga” inn over deg, nemleg at du er ubrukeleg og utan verdi. Det er som om verdien du har som menneske berre heng saman med kor vellykka du er. Da blir det meste du gjer som kan evaluerast farleg, og du utset det sjølvsagt så lenge du kan. Det er til å bli deprimert av det! Har du derimot god sjølvkjensle, og føler deg som ein brukbar og ok person, i alle høve stort sett, så er det ikkje like katastrofalt å stryke på eksamen eller bomme på mål. Da kan du deppe litt, og så kan du riste det av deg med å tenke at neste gong skal du få det til! Det definerer ikkje kven du er eller kva verdi du har, men det er berre utslag av at du ikkje jobba nok, hadde uflaks eller rett og slett er flinkare til noko anna.

Tenk for ein fridom dei har som kan gå ut i verda med eit slikt syn på seg sjølv som utgangspunkt? Dei kan jo fritt og ubunde kaste seg ut i alt dei synest ser morosamt ut, utan å tenke så masse på om dei mislykkast eller ikkje. Dei har fridomen til å teste ut grensene for det dei kan klare, som truleg er mykje meir enn dei trur….

Skal eg fortelje deg ein hemmelighet? DU er like verdfull som alle andre sjølv om det ikkje KJENNEST slik. I dette spørsmålet vil eg råde deg til å høre meir på fornuften din enn på kjenslene dine. Eit alternativ er at du hører på meg, til du greier å stole på at det er sant. Ha ein fin dag, og bruk den godt!

woman in green shirt smiling
Photo by Matty Cooper on Pexels.com