Eg har alltid likt DeLillos, heilt frå dei starta i 1984. Dei har fin musikk, men ikkje minst bra tekstar som er fulle av underfundige poeng og ikkje så reint få treffsikre formuleringar om korleis folk har det inni seg. Dei set faktisk ofte ord på ting som det ikkje er så lett å snakke om. Eg tenker på den ugreie skammen, og andre vanskelege kjensler som alle har men som vi velger å ikkje formidle til andre fordi instinktet er å gøyme seg når ein kjenner seg mindreverdig.

Ein av dei relativt nye tekstane heiter PLAGE. Eg tillet meg å skrive den her:

PLAGE

Han var ofte så plutselig sint

Alt vi gjorde og sa var feil

Han sa aldri at noe var fint

Skulle hatt en annen sønn enn deg

Pappa var dum

Skjebnen er ond

Trøsten gikk tom

I et innestengt rom innerst inni ditt hode

Skulle ha sagt

Ord som ga makt

Til å slippe deg fri

Slik at du selv kunne tro på å si at

Dette skal aldri plage meg igjen/Dette skal aldri plage meg igjen/Dette skal aldri plage meg igjen/Dette skal aldri plage meg igjen/Plage meg igjen……

Du var alltid så trukket mot

Drømmen du aldri har glemt

Om at du kunne bli til noe stort

Fordi du bar på et stort talent

Men du følte deg dum

Skjebnen er ond

Trøsten gikk tom

I et innestengt rom innerst inni ditt hode

Skulle ha sagt

Ord som ga makt

Til å slippe deg fri

Slik at du selv kunne tro på å si at

Dette skal aldri plage meg igjen/Dette skal aldri plage meg igjen/Dette skal aldri plage meg igjen/Dette skal aldri plage meg igjen/Plage meg igjen….

Dei to versa er utheva, og det er her vi finn informasjonen om kva dette handlar om.

Det handlar om ein pappa og ein sønn, og forholdet mellom dei. Sønnen seier at pappa vart ofte og plutseleg sint. Han ga også uttrykk for at det sønnen sa og gjorde var “feil”, og han ga ikkje sønnen bekrefting på at han var god nok. Sønnen konkluderer med at faren skulle hatt ein annan sønn enn han.

Vi ser for oss ein liten gut som prøver å finne ut noko om verda og seg sjølv. Det er pappa som er den store, og som veit det som er å vite. Pappa blir ofte og fort sint. Ungar blir redde når vaksne er sinte.  Ungar vil egentleg helst vere venner med pappa og mamma, men av og til får dei ikkje til å gjere det som er rett. Orda som gir makt er ikkje der for ein liten gut. Han må leve vidare med alt det vonde inni seg når ingen store hjelper han med forståing og trøst.

Korleis skal ein forstå at:

-det som var greit for pappa i går er visst ikkje greit i dag

-når eg gjer dumme ting fordi eg egentleg treng å bli sett, får eg i staden kjeft

-pappa blir sint sjølv om det som skjer er eit uhell

-eg får kjeft fordi pappa er sur på sjefen eller mamma

-pappa blir sint på meg fordi han ikkje er fornøgd med seg sjølv

-pappa blir sint på meg når han egentleg er lei seg

Dette er umuleg å forstå for ein unge. Kan ein bli rasande sint på pappa og tenke at han er ein drittsekk? Jo da, men da må ein bli tretten år og ungdom først. Når ein er tre år må ein heller bli sint på seg sjølv, og tenke at ein ikkje er god nok for pappa. For pappa er den som skal ta vare på meg. Eg kan ikkje overleve psykisk eller fysisk utan relasjonen til omsorgspersonen min, så da tek eg det heller på meg sjølv. Konklusjonen må bli at eg ikkje er bra nok.

Trøsten gikk tom. Det var ingen der som kunne trøste eller forklare når pappa hadde vore sint. Det var ingen der som kunne hjelpe til å lage eit skille mellom å ikkje få til, og å ikkje duge. Da tenker eg at pappa sikkert burde hatt ein annan sønn enn meg, for eg er ikkje god nok. Skammen kjem når ein tenker at ein ikkje er god nok. Da er det best å ha alt det vonde i eit innestengt rom “innerst inni hodet”. Da er faren at eg bær med meg alt dette vidare i livet, og trur det er sant sjølv om eg blir vaksen og kunne finne ut av det om eg turde å kjenne på det og snakke om det. Denne sanninga om meg sjølv blir liggande gøymt i bevisstheta utan at eg veit at den er der til og med.

Så blir eg stor og kan tenke sjølv. Ein dag får eg til å ta dette vonde fram frå det gøymde rommet. Da ser eg plutseleg det tydelege mønsteret: pappa sit også fast i si skam. Han hadde ein draum om å vise verda kor flink han er, men greidde det ikkje. Kanskje han ville riste av seg skammen sin ved å vise alle at han var flink! Det greidde ikkje pappa, men han vidareførte skammen til meg.

Til slutt fann sonen orda som ga makt, og greidde å sleppe fri. Han kan seie at “dette skal aldri plage meg igjen”.

bare feet boy child couch
Photo by Pixabay on Pexels.com