I dag har tilsette ved BUP St.Olav i Trondheim ein kronikk i Adresseavisa. Den handlar om paradokset at både kommunane og rusomsorga får auka bevilgningar, medan psykisk helsevern for barn og unge ikkje får noko tilsvarande. Samtidig peikar dei på at dei har hatt 20% auke i tilvisingar etter at kommunane fekk styrka si helseteneste for barn og unge. Dei har også samtidig pålegg om å syte for auka vekst, auka aktivitet og ingen fristbrot. Dette går ikkje i hop det kan alle forstå.

Satsinga på kommunepsykologar utgjer ein stor del av den samla satsinga på psykisk helse i kommunane. Dette er vel og bra. Tanken er truleg at når kommunane blir i stand til å ta seg av både behandling og tidlege tiltak sjølv, så vil behovet for spesialisthelsetenesta avta. For det første er det langt fram dit. Erfaringa tilseier at i alle fall i ein overgangsperiode vil auka ressursar og kompetanse også føre til ei auke i tilvisingane til BUP. Dette av den enkle grunn av det blir fleire kyndige blikk som ser og oppdagar behov, og som tilviser mange av desse vidare. For det andre har vi eit distriktsproblem. Det er frustrerande når helsemyndighetene snakkar om og lagar tiltak for ein by- og tettstadsvirkelighet, når landet vårt har så ulike tilhøve. Her i Sogn og Fjordane har vi alltid hatt eit stort rekrutteringsproblem når det gjeld høgt utdanna fagfolk i helsesektoren. Dette gjeld også for psykologar. At alle våre kommunar skal få tilsett kommunespykologar innan 2020 er ein utopi. Så kjem problemet med å behalde dei, men det er ei anna historie.

Sett på bakgrunn av dette blir det vanvittig å ikkje auke tilførselen til BUP-ane. Det er dei som i all hovudsak syter for psykiske helsetenester til våre barn og unge, da det kommunale fokuset og satsinga på denne gruppa alltid har vore minimal. Eg trur dessverre ikkje at kommunepsykologane er dei som kan berge vår utkantkommunar her i framtida.

adorable baby blur child
Photo by Spencer Selover on Pexels.com