woman looking at sea while sitting on beach
Photo by Pixabay on Pexels.com

Som ung grunnfagsstudent i Bergen tidleg på 80-talet kom eg borti ACEM-meditasjon. Den gongen var vi ganske opptekne av alt som var “alternativt”. Når eg i tillegg hadde bestemt meg for å bli psykolog, så fortonte dette med meditasjon seg som noko nytt og spennande. Ein skulle bli både smartare og tryggare på seg sjølv, så eg meldte meg på kurs!

ACEM-meditasjon er faktisk ein norsk metode, og ein norsk organisasjon som vart starta av stressforskar, psykolog og lege Are Holen i 1966. Det at ein verdskjend meditasjonsmetode faktisk har starta i Norge er ganske fasinerande i seg sjølv. Are Holen og medarbeidarane hans seier at dei hadde hørt og lese mykje om meditasjonsteknikkar slik dei har vore praktisert i austlege kulturar. Den mest kjende er kanskje Trancendental Meditasjon. Dei hadde observert og målt at det å meditere gjorde bra ting med folk. Dette handar om ting som minska stress, betre søvn, mindre kroppslege smerter og auka energi. Det dei hadde vanskar med var at mange av meditasjonsteknikkane også vart kobla opp mot religion, persondyrking og uvitskaplege idear. Holen byrja dermed å forske på kva for reint psykologiske faktorar som var verksame i meditasjon, og utvikla ein metode som tek vare på “det som virker”, men utan dei religiøse og kulturelle elementa. Resultatet vart ACEM, som er ein ikkje-politisk og ikkje-religiøs avspenningsmetode, utvikla av legar og psykologar og med dokumentert effekt.

Etter kvart som livet mitt vart prega av studiar, pendling og små barn greidde eg ikkje å halde fast på vanen med å sette meg ned og meditere tjue til tretti minutt ein eller to gonger kvar dag. Eg gløymde etter kvart nesten at det var noko som heitte meditasjon, og følte vel også at det vart meir “umoderne” å drive med slikt. Har det ikkje i det heile teke blitt umoderne å ikkje vere konstant aktiv?  (Eg likte så godt det Jens Stoltenberg sa ein gong medan han var statsminister, at det aller beste han visste var å ligge og sjå opp på himmelen og ikkje gjere nokon ting. Truleg fekk han ikkje praktisert det så ofte…. ) Uansett inneber meditasjon at du må sitte og tilsynelatande ikkje gjere nokon ting.

Korleis kan meditasjon vere nyttig da? Vi er så vane med at skal vi oppnå resultat så må vi fokusere, konsentere og anstrenge oss. I ACEM-meditasjon (som er den metoden eg kan) skal du sitte ledig og avslappa på ein skjerma stad, og gjenta ein såkalla metodelyd lett og uanstrengt inni deg. Dette skal du gjere trass i at du byrjar å tenke på andre ting, eller kjenne på stress over at du har gløymt å kjøpe kaffe, eller har andre ting som skjer i hovudet eller kroppen din. Det har ein jo alltid. Gløymer du å gjenta metodelyden fordi du tenker på kva du skal lage til middag i morgon, så hentar du den enkelt tilbake utan å bli irritert på deg sjølv, og utan bruke så masse krefter på det. Det er naturleg at tankane vandrar. Det er naturleg å bruke tid før du blir roleg, men etter kvart kan du kjenne at for kvar gong du tek igjen metodelyden så synk du lenger ned i ein behageleg og avslappa tilstand. Det er faktisk påvist at du får betre stressmeistring, blir mindre nervøs og bekymra, får betre søvn og mindre kroppslege smerter av å meditere!

Eg har av og til nokre netter der eg vaknar og ikkje får sove igjen. Dersom eg er stressa eller bekymra for noko blir det heilt umuleg. Det er kanskje fleire som har det slik? Nokre gonger har eg tydd til min gamle metodelyd for om muleg å greie å roe meg ned så eg får sove. Nokre gonger har det faktisk fungert! Metodelyd, meditasjonslyd eller mantra er i ACEM eit nøytralt, kort ord utan meining. Det vart utplukka spesielt til meg, og gitt meg av kursleiaren i enerom og med oppfordring om å ikkje seie den til nokon. Dette fordi den ikkje skal ha assosiasjonar knytt til seg.

Eg har tenkt meir og meir på om eg skulle ta opp att meditasjonen. Etter kvart som eg har forstått meir av korleis langvarig stress skader både hjernen og energilagringa har eg tenkt på kva for verkemiddel som finst for å motverke stress. Stress og utmatting er eit moderne helseproblem som fleire og fleire lir av av dessverre. Å vere i djup avspenning er sunt for den stressa kroppen, men korleis kome dit? Det er bra å trene, vere i naturen, ha kontakt med dyr og andre levande skapningar, og vere i flyt som når du spelar eit instrument, maler eit bilde eller les ei god bok. Det er også sunt å sove. Men å meditere gir deg det du er ute etter mykje kjappare og på kortare tid faktisk.  Det er nok på tide at meditasjon får sin rennessanse. Eg trur ACEM kjem til å blomstre igjen, da dei sit på mykje verdfull kunnskap om dette. Vi har eit stort underskot på kjelder til indre ro i vår tid.

Tenk at å sitte og slappe av og ikkje tenke på noko spesielt kan gjere ein så godt? Vel verd eit forsøk! Kanskje eg skal skrive meir om korleis dette eksperimentet har fungert litt lenger ut i 2019?