Det var ei merkeleg overskrift synest du sikkert. Sitatet er henta frå ei bok som heiter “Psykisk helse som kommunal utfordring”.  Der blir historia om dei seks forskarane som skulle undersøke kvar sin del av ein elelefant med bind framfor augene brukt som bilde på korleis kommunen kan framstå. Den eine undersøker foten nøye, og noterer seg at den liknar på ein stolpe. Den andre undersøker snabelen og meiner den best kan samanlikast med ein slange. Den tredje ser for seg haledusken som ein kost. Ørene blir oppfatta som seil, og støttennene som spyd! Når dei så skal sette seg ned og diskutere seg fram til kva det er for ein skapning dei har framfor seg, blir diskusjonane store og intense. Forskarane er djupt uenige om korleis dei skal oppfatte det. Slik blir det når vi har kunnskap om berre eit aspekt av virkeligheta, og ut frå det skal prøve å lage oss eit overblikk over heilskapen.

Dei ulike tenestene i kommunen kan av og til framstå som kroppsdelane til elefanten. Tilsette og leiarar er blinde forskarar som har begrensa interesse for andre einingar og for heilskapen. Om vi ser for oss eit barn, så er det ein faginstans som skal ta seg av tankar og læring, ein annan skal ta seg av kroppen og enda ein annan skal ta seg av kjenslene og psyken. Vi gløymer av og til at vi har med eit heilt barn å gjere, det kan vi faktisk ikkje dele opp utan store omkostningar.

Samhandling skal og må prioriterast dersom vi skal få fram kunnskap om samanhengane; Det er avgjerande for politikarane å ha overordna kunnskap som grunnlag for gode beslutningar. Den er også nødvendig for å lage heilskaplege planar som syner alle sine bidrag, og for å kunne organisere slik at ein sikrar gode tenester for brukarane. Ut over dette skal kommunen også førebygge utvikling av helseproblem i framtida, og drive med helsefremming!

I Eid kommune der eg bur dukka det nyleg opp ein stor budsjettsprekk. Plutseleg mangla vi mangfoldige millionar, og krisestemninga breidde seg i kommunehuset. Tenester til menneske med diverse problem er jo lovfesta, så der er vi sikra. Men førebygging og helsefremming er ikkje lovfesta, så kva ryk først trur du? Det hjelper ikkje at dette også er skrive om i lovene.

Psykolog Birgit Valla (Valla mars 2011) kallar sona mellom tenestene for “mellomrommet”. Sjølv om kvar instans gjer jobben sin i høve til sine lovar og reglar, så sit vi igjen med ei gråsone som ingen er pålagt å ta ansvar for. Om helsestasjonen ikkje kjenner godt nok til korleis barnevernet jobbar, eller PPT ikkje veit nok om psykisk helseteam, så vil ikkje tenestene dei gir henge godt nok saman. For dei som treng hjelp er det heilt avgjerande at det ikkje er glippar mellom systema. Da deler vi barnet i bitar!

Kommunane Eid, Stryn, Gloppen, Bremanger og Selje har bestemt seg for å samarbeide om å tilsetje to og ein halv psykolog. (Så langt er berre ei stilling fylt). I Eid kommune er det bestemt at desse psykologane ikkje skal møte klientar, men skal jobbe med “systema”. Det må så vidt eg forstår gå ut på å gje tilbod om rettleiing og dels undervisning til dei som jobbar i direkte kontakt med folk i kommunen, altså barnehagetilsette, helsefagarbeidarar, lærarar for eksempel. Skal psykologane få gjort denne jobben på ein god måte må dei også ta omsyn til eventuelle “mellomrom”. Kven eig mellomromma? Det gjer leiinga i kommunen!

Psykologane, som ikkje har noko forpliktande lovverk å jobbe ut frå, må manøvrere mellom andre instansar. Når pressa fagfolk på dei ulike kontora strever med å utføre dei lovpålagte tenestene sine vil interessa for samarbeid bli mindre. All erfaring tilseier at verkeleg forpliktande samhandling må forankrast hos den øvste leiinga i kommunen. Så vidt eg har erfart er ikkje dette tilfelle i dei fleste små og mellomstore kommunar i Norge. Det er nemleg ikkje noko som kjem av seg sjølv, men som krever grundig innsikt, kunnskap, interesse og ikkje minst tid hos dei som skal arbeide med det. Difor er det mi frykt at kommunepsykologane blir hengande i “lause lufta”, og at den jobben dei får gjort blir heilt tilfeldig. Flukta frå kommunepsykologjobbane seier litt om dette. Det blir for vanskeleg å stå i desse krava og forventningane utan tilstrekkeleg støtte frå leiinga, og utan tilstrekkeleg interesse frå leiarane for kva som faktisk skjer på golvet i deira eigne instansar. Det er lett å innbille seg at det eksisterer gode samarbeidsrutiner “der nede” blant fotfolket, dersom ein sjølv kan stikke inn på nabokontoret til den sideordna leiaren på organisasjonskartet og drikke kaffe og snakke hyggeleg om laust og fast, utan å sjå nærare etter.

Eit tankekors til slutt: når Eid kommune ønsker seg “systemarbeid”, så tenker dei nok helst på at det er nettopp “fotfolket” som er målgruppa. Men leiarane, frå rådmannen og nedover, utgjer også eit system. Kanskje det er dette systemet som hadde hatt størst bruk for psykolog?

Referansar:

“Psykisk helse som kommunal utfordring” 2012. Britt Randi Hjartnes Schjødt, Anne Kari Hoel og Ragnhild Onsøien. Universitetsforlaget.

“Familiens hus” 2011. Universitetet i Tromsø. Frode Adolfsen, Monica Martinussen, Anette Moltu Thyrhaug og Gøril Warvik Vedeler (red.)

animal big elephant endangered
Photo by Anthony on Pexels.com