Alle foreldre vil at ungane deira skal bli sjølvsikre, trygge og glade! Vi har kanskje sjølv hatt ein oppvekst i eit traust norsk og typisk fåmælt miljø – der det ikkje er vanleg å rose nokon uansett kva dei presterer. Det meste ein kan vente er kanskje at ein ikkje høyrer  noko om alt er bra, og om det ikkje er bra kjem kritikken. Har du ein slik bakgrunn er det kanskje ikkje så rart om du gjerne vil formidle til ungane dine at dei er flinke og at det dei presterer er fantastisk! Du vil at dei skal kjenne seg meistrande og fornøgde, sett og anerkjent.

Artikkel: “Dette kan du gjøre for å styrke barns selvfølelse”.

Artikkel: “What we get wrong about childrens self-esteem”

Vi skil mellom sjølvkjensle og sjølvtillit. Sjølvtillit er å vite kva ein kan, og ha tillit til at ein meistrar ulike utfordringar og oppgåver  livet. Ein kan ha ein kjempegod sjølvtillit, og samtidig ei elendig sjølvkjensle.

Kva er sjølvkjensle da? Den er litt meir diffus og vanskeleg å få grep om kanskje. Sjølvkjense handlar om å verdsetje seg sjølv. Om du verdset deg sjølv vil du kjenne at du er verd å vere glad i, at du har ein verdi i deg sjølv utan at du må prestere noko for å gjere deg fortent til det. Det handlar også om å kjenne seg sjølv, slik at ein veit litt om kva ein føler, treng og  kvar ein set grensene sine. Sunn sjølvhevding krev for eksempel ei brukbar sjølvkjensle.

Eg som har jobba i mange år som terapeut har møtt veldig mange med dårleg sjølvkjensle, og det forundrar ikkje meg at det er dokumentert at det har samanheng med angst og depresjon. At dei med god sjølvkjensle har eit lettare liv og betre trivsel, det er heva over all tvil. Det er faktisk viktigare med sjølvkjensla enn med sjølvtilliten. Å bli flink til ting kan ein øve på, men grunnlaget for sjølvkjensla blir lagt frå den dagen du er fødd og dei aller første åra.  Det er slik at dersom du blir teken vare på og det er nokon der for deg når du treng det, så vil du etter kvart kjenne deg trygg på at du er verd å elske, og dermed på at du har ein verdi i deg sjølv. Seinare i livet bygger vi vidare på dette fundamentet. Det er mykje du kan gjere sjølv om du føler at fundamentet kunne vore betre!

Om du skulle kjenne at du kan trenge å booste sjølvkjensla di litt i vaksen alder, kva skal du gjere da tru? For det første tenker eg at det hjelper å vere klar over skilnaden på sjølvtillit og sjølvkjensle. Det er greit å vite at å søke likes på sosiale medier eller gode karakterar kan varme med ein gong, men at gleda gjerne forsvinn fort. Du må heller fokusere på ei omskifting frå å oppleve verda “utanfrå og inn”, til å oppleve verda meir “innanfrå og ut”. Kva tyder det? Jo, at du kjenner meir etter kva du synest, kjenner, tenker og opplever. At du ikkje er så fokusert på kva andre måtte synast og meine. Om du opplever verda mest frå innsida så endrar perspektivet seg. Det viktige blir da å samle gode opplevingar og meiningsfylte stunder som for eksempel gleda ved ein god prat med din beste venn, eller fryden over å sjå kor vakkert det er når det skumrar, eller kjenne at gleda boblar over at det spirer i såpottene dine – eller kor intenst oppslukt og glad ein kan bli av å gjere noko kreativt. Ei side av dette er å fokusere meir på det som skjer her og nå, og ikkje så mykje på (dei negative?) tankane dine.

Er du van med å tenke at du ikkje er så verdfull som andre, eller at det er viktigare at andre har det bra enn at du har det bra? Er du redd kvar gong du må sette ei grense for deg sjølv eller kreve noko? Har du dårleg samvit om du skulle kome til å bli sint? Kanskje du må bestemme deg for å stå opp for deg sjølv. Kven skal ellers gjere det? Vi spøker jo av og til med at vi skal “få vår lønn i himmelen”, når vi har strekt oss litt ekstra langt for nokon som kanskje ikkje set tilstrekkeleg pris på det. Men det er vel også beskrivande for ein tankegang mange har, at dersom eg er snill nok lenge nok, så må dei da forstå at eg også skal ha plass, ha ein verdi, få respekt og anerkjennelse og så vidare? Men det kan ta veldig lang tid! Kanskje skjer det aldri. Det er du som må byrje nå, med å respektere deg sjølv og ta ansvar for at du har det bra. Den som signaliserer sjølvrespekt vil også få respekt frå andre.

Det er muleg at eg har skrive meg litt vekk nå, men det kjendest viktig å få sagt dette. Så tilbake til den merkelege overskrifta. Det å rose kan vere eit tveegga svard.

woman and child playing in snow
Photo by Victoria Borodinova on Pexels.com

Dette heng saman med at ros for ein prestasjon peikar på det du har fått til, og ikkje på kven du er! Er du mor eller far og rosar alt ungen gjer heile tida, så får jo barnet eit tydeleg signal om at eg må prestere noko bra for at dei skal vere glade i meg. Det er jo sjølvsagt ikkje det vi som foreldre vil. Eg seier ikkje at du ikkje skal rose, men legg like stor vekt på samværet, leiken, samtalen og alt det de gjer i lag som får fram gleda og trivselen! Det å kjenne med heile seg at mamma likar å vere i lag med meg styrkar sjølvkjensla. Det er altså ganske enkelt!