Det er ikkje heilt sjølvsagt for oss at økonomi har noko å seie for barneoppdragelsen. Eg har i alle fall tenkt at desse to tinga i alle høve ikkje heng direkte saman, og at ein kan kan jobbe med både samspel og oppdragarstil utan å tenke så mykje på økonomiske tilhøve.

Forskaren og psykologen Tormod Bøe seier noko anna. Han har studer dette i fleire år, og har mellom anna vore med på Barn-i-Bergen-undersøkinga.

“Vi må ikke sende hodet til psykologen, kroppen til legen og økonomien til NAV. Vi må sørge for at tjenestene henger sammen.” seier han. 

Måten han forklarer samanehengen på er at når dei totale belastningane på familien overstig meistringskapasiteten, så er det vanskeleg å vere ein god forelder. Da ser han på økonomiske bekymringar og strev som ein type stress, som kanskje i lag med anna stress fører til ei overbelastning for foreldra, og dei blir ute av stand til å følge opp ungane sine s

woman using space gray iphone x
Photo by rawpixel.com on Pexels.com

lik ungane treng det.

Vi veit jo at stress mellom anna fører til psykiske reaksjonar som

  • kort lunte
  • dårleg humør
  • mangel på energi

og fysiske reaksjonar som

  • hjertebank
  • muskelspenningar
  • dårleg fordøyelse
  • nedsett immunforsvar

Desse reaksjonane er bereikna på å sette oss i stand til å takle farlege og trugande situasjonar i naturen, men vi tåler ikkje stress over lang tid. Det er ikkje kroppen laga for. Da blir vi sjuke.

Det er klart at økonomisk stress er ein belastningsfaktor som gjerne varer over tid.

Når ein har testa ut dette ved å gje fattige familiar pengar, ser ein at åtferdsvanskane hos barna går ned. Det er Costello-studien som viser dette.

Tiltaka Tormod Bøe ser for seg er mellom anna å sikre familiar økonomisk gjennom gode tiltak frå samfunnet. Dernest er det å få til eit godt og tett samarbeid mellom dei som jobbar med psykisk helse, fysisk helse og økonomi. Eg vil føye til barnevernet her, som skal jobbe mellom anna med førebygging og hjelpetiltak.

Igjen: samarbeid på tvers er løysinga på mange problem, samt kunnskap og forståing av dei viktige samanhengane. Eg lever i trua på at vi skal klare det.