Har du, som meg, opplevd kor utruleg befriande det kan kjennast når nokon du er sint på eller uenig med faktisk gjer ein innsats for å forstå kva du opplever? At han eller ho verkeleg prøver å forstå kvifor du meiner det du meiner, og gjer det du gjer? Det kan faktisk få deg til å føle at alt snur på eit sekund: du senker skuldrane, du slappar av i kroppen, du kjenner deg trygg og glad. Du går frå å vere i kampmodus til å åpne deg og bli i stand til å sjå nyansar igjen. Før var det svart/kvitt, nå kan du sjå mulighetene!

Det blir sagt at det er viktig å prøve å forstå andre innanfrå, og seg sjølv utanfrå.  Det går ut på å prøve å sette seg inn i korleis andre har det inni seg, og prøve å forstå korleis andre opplever meg. Det er ikkje så lett. Kanskje greier vi det når vi har det veldig bra med oss sjølv, og er rolege og i balanse. Når vi blir sinte eller redde blir det straks vanskelegare. Det å sitte med eigne kjensler av å ha blitt krenka eller mistrudd eller kva det måtte vere, er eit vanskeleg utgangspunkt for å forstå andre innanfrå. Det er nemleg nødvendig at vi legg vekk desse kjenslene medan vi jobbar med saka. Det krever for det første kunnskap om kor viktig og nødvendig det er, og så krever det øving. Ganske mykje øving. 

I mange yrker og på mange arbeidsplassar er det derimot slik at ein må øve seg masse på å sjå folk “utanfrå”. Legeyrket og politiyrket er to eksempel. Som lege skal du samle faktaopplysningar som gjer deg i stand til å sette ei diagnose.  At pasienten har vondt i ryggen blir viktigare enn kvifor han har det. I politiet skal ein syne menneskelighet og skjønn, og vi ser gong på gong at dei som er flinke til å bygge relasjonar ofte gjer ein betre jobb, men først og fremst skal politiet fokusere på brotsverk og vurdering av om handlingar er utanfor eller innanfor lova. Du kan altså gjere ein heilt ok jobb i politiet utan å bry deg så mykje om den indre verda hos menneska du møter. Dette er egentleg fint også, for det er viktig å kunne skilje fakta frå andre opplysningar, og ofte må vi sjå vekk frå det som var grunnen til eit brotsverk. Eit lovbrot er eit lovbrot uansett. I barnevernet må ein også fokusere mykje på vurdering av handlingar opp mot den målestokken som barnevernslova er. Sett frå barnet sitt synspunkt er det nødvendig at nokon har denne målestokken og kan seie når nok er nok. I tillegg er det minst like mykje fokus på hjelpetiltak og førebygging, noko som på den andre sida krever ei evne til å sjå heile mennesket og ikkje berre tilkortkominga.  

Kvar vil eg med dette? Jo, poenget mitt er at på nokre fagfelt er det nesten umuleg å få til eit bra resultat utan evna til å sjå heile mennesket og ikkje berre “motstandaren”. Det gjeld i stor grad psykisk helsevern, barnevern og psykisk helsearbeid. (Psykisk helsearbeid skjer i kommunen, psykisk helsevern er ein del av spesialisthelsetenesta.) Det er nødvendig å kome så nær foreldra at ein ser både sårbarhet og redsel, ein må bli godt nok kjent med den sinte pappaen til å forstå kor usikker han også er, og ein må jobbe med eigne reaksjonar på avvising når ein skal nå fram til den avvisande tenåringen. Dette er ein kunst, og det krevst tid, kunnskap og mental og kjenslemessig kapasitet for å lykkast.

Kva er det vi jamt over har for lite av på arbeidsplassane våre i dag? Jo; tid. Eg trur at om vi blir pressa nok på tid prioriterer vi (og sjefen) at vi set oss inn i lovverk, behandlingsprogram- og manualar og å få snakka med så mange klientar som råd. Det kjem før å jobbe med oss sjølv. Det å sette av god nok tid til å drøfte ei vanskeleg sak med kollegaen din, eller å bruke ressursar på å snakke med nokon om dine egne reaksjonar og kjensler i møte med den eller den klienten blir ikkje i dagleglivet sett på som særleg nødvendig. Det er min påstand, kanskje eg tek feil.

Vi psykologar har eit krav om at vi skal ha ganske mange timar rettleiing frå ein meir erfaren psykolog før vi kan bli spesialistar. Vi har gode vilkår for å jobbe med vår eigen forståingskapasitet fram til vi har spesialiteten i hand sjølv. Da er det slutt, og ein må klare seg sjølv. Andre yrkesgrupper har knapt hørt om ein slik luksus, eller har kanskje fått blankt avslag om dei har kome med eit ønske om rettleiing. Det kostar jo både tid og pengar.

Nå har eg berre snakka om kva som krevst av hjelparane, men også på arbeidsplassen er det viktig å kjenne seg trygg på at ein blir møtt med aksept og forståing. Måten sjefen møter deg på avgjer i stor grad om du trivst på jobben din eller ikkje. Det er ikkje lett å vere sjef. Kanskje alle som har eit leiaransvar for folk under seg burde få nokre obligatoriske rettleiingstimar i året?

Det er mykje snakk om samarbeid for tida. Mykje helsefremjande arbeid må gjerast i samarbeid mellom klientane og ulike instansar. Da må hjelparane samarbeide, og det tyder å kommunisere om saker som kan vere både komplekse og mangetydige. Slik er det gjerne når menneske er involvert. At eg ser ei side av klienten min medan du ser ei heilt anna side av pasienten din, er ei velkjend problemstilling i menneskeyrker. Dette er ein vanleg årsak til konflikt mellom hjelparar. Vi har faktisk ein felles pasient, men det blir som om vi snakkar om ulike personar med ulike behov. Da blir det ofte vanskeleg å bli enige om kva som er sant og kven som har rett? At begge har “rett” er ofte tilfelle, fordi dei vi jobbar med har ulike sider, og syner fram ulike delar av seg sjølv alt etter kvar og med kven dei er.  Det skal litt til å finne ut av slike misforståingar. Når konflikta er eit faktum er det vanskeleg å rette opp i misforståingane. Temperaturen aukar, og begge partar føler seg misforstått og krenka. Da veit vi jo at evna til å forstå den andre blir mindre. Slike misforståingar øydelegg mykje for dei som treng oss, fordi god hjelp som oftast avheng av at hjelparane snakkar skikkeleg og tillitsfullt med kvarandre. I slike samanhengar er det berre ein ting som hjelper: at eg prøver å forstå deg innanfrå og meg sjølv utanfrå, og at du gjer det same. Da kan vi sleppe vekk frå dei fastlåste frontane og greie å finne gode, felles løysingar. Men da treng vi treng tid, kunnskap og rom for refleksjon!

Kva kjenneteiknar ein god rettleiar da? Det er mange ting, men skal du ut i verda og “romme” nokon må du kjenne at du har ein stad der du også kan bli “romma”. Altså sett og godteken som den du er, og at både tankane, kjenslene og personlegdomen din blir tekne på alvor og bekrefta. All endring har dette som utgangspunkt.

Eg er redd for at slike grunnleggande og for nokre kanskje sjølvsagte sanningar i praksis berre dukkar opp i festtaler, men er lite merkbare i det daglege arbeidet. Tids- og arbeidspresset blir truleg enda verre framover, med alle krav som blir stilt til tenestene våre. Det er eit paradoks at eit av dei krava som ligg tungt på oss nå er samarbeid og samhandling. Pakkeforløp i psykisk helsevern, og samhandlingsreforma peikar tydeleg i den retningen. Noko lurt må vi finne på for å greie å få det til i praksis, ellers sit vi snart med eit hjelpeapparat i krise.

black and white people bar men
Photo by Gratisography on Pexels.com