Har du vondt i kroppen? Søv du dårleg, og kjenner du at du driv og blir forkjøla igjen? Har du lite energi, eller er du kanskje utslitt og deprimert? Har du kanskje vondt i magen?

Vi veit jo egentlig at kropp og sinn er to sider av same sak, men i praksis tek vi ikkje denne kunnskapen heilt inn over oss. Vi forstår at kronisk sjuke kan bli deprimerte av å måtte gje avkall på mange ting som dei set pris på i livet, men veldig mange av oss har enda ikkje forstått at KROPPEN blir sjuk av psykiske årsaker. Sjukdom altså, som er målbar og gir diagnose hos fastlegen.

For eksempel har ein million nordmenn muskel-og skjelettsjukdom. 28 prosent av alle uføretrygda har dette som årsak. Kor mange kroner snakkar vi om? 255 milliardar kvart år.

I denne kronikken i Dagens Medisin skriv Marit Figenschou om at både stress og belastningar tidleg i livet er den direkte årsaken til svært mykje kroppsleg sjukdom. Ho refererer mellom anna til den berømte ACE-studien frå USA, der ein fann klare samanhengar mellom belastningar i barndommen (omsorgssvikt, rus, psykisk sjukdom og fysisk og verbal vald) og den SOMATISKE og psykiske helsa som vaksen.

Kronikken til Marit Figenschou.

adult alone black and white blur
Photo by Kat Jayne on Pexels.com